kameleon quilt logo

Veggteppe med foto printa på stoff
Side 2


Alle teppa nedanfor har foto printa på stoff.


'Livets vev' photo quilt


'Livets Vev'
Foto quilt 85 x 85 cm

Bestillingsarbeid.
Eit foto frå mottakaren sin barndomsheim/nabolag er brukt som bakgrunn, og foto av slektningar og frå forskjellige minneverdige hendingar er sett inn i eit rutenett som minner om eit vevemønster.
portrait photo quilt


Portrett - foto på stoff
Veggteppe ca 45 x 55 cm

Sydd som gåve til ein slektning.
Forskjellige delar av portrettet vart printa på forskjellige stoffbitar og deretter sydd saman og quilta. Stoffa hadde mønster som minte om solnedgangshimmel, sjøfuglar, regndropar og skrått Vestlandsregn, blomster, fjøresteinar og sølepyttar. Alle desse mønstera viser gjennom portrettet i varierande grad.

Sydd og quilta med maskin.

'Børs og Katedral'
Eit par fotoquiltar 30 x 43 cm kvar

Desse quiltane er laga i eit blokkmønster som blir kalla 'Inner City'. Den tredimensjonale effekten får ein fram med å bruke lyse, mellom og mørke stoff. Eg har brukt lys, mellom og mørk variant av dei same fotoa.
Til venstre er ein del av eit bysenter (Pike fish market i Seattle), og til høgre er fjellet Hornelen i snødrakt, - også kalla 'Trollkatedral' i eit av Jakob Sande sine dikt.



photo quilt 'børs og katedral' photo quilt 'børs og katedral'





a blessing to the village




'Til Velsigning for Bygda'
Veggteppe 85 x 85 cm

Dette teppet var bestilt av Bremanger Kunst-og Handverkslag som gåve til Haugetun Bufelleskap i Bremanger.
Hovudmotivet er Bremangerbygda under regnbogen. Dei mindre bileta er gamle foto som viser folk frå bygda i arbeid og helg, på sjø og land.
Arbeidet som dei eldre har lagt ned er grunnlaget for velferdssamfunnet som vi er velsigna med i dag.












Fototeppe side 1
Fototeppe side 3
Fototeppe side 4
Foto på stoff framside






Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Foto på stoff 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

Gratis mønster  

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Foto på stoff | Data og quilting| Teppe laga av andre | Gratis mønster| Linkar | E-mail |

TIL TOPPEN


Copyright 2002-2005 Eldrid Røyset Førde